Kurt Johannessen

Kurt Johannessen (f.1960) arbeider med performance, bøker, video og installasjon. Han har produsert om lag 280 ulike performancar med visningar i Europa, Asia og Amerika sidan tidleg på 80-talet. Hans performancar  har ofte eit poetisk og minimalistisk formspråk. Han har hatt utstillingar ei rekkje stader i Noreg, blant anna Bergen Kunstmuseum og Kunstnernes Hus (2007). Han gir ut artists books på eige forlag. Mange av hans bøker er tekstrelatert, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ein setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. Han har så langt laga meir enn 80 bøker. Nokre av bøkene er innkjøpt av Norsk Kulturråds innkjøpsordning og mange av bøkene er oversett til engelsk. Dei siste åra har han og utførd fleire offentlege arbeider blant anna, NHH - Bergen, UIB - Bergen, KUBEN - Oslo, Skeie Skole - Hundvåg.
Sjå www.zeth.no for meir info. 

Country: 
Norway

Artist artworks

Tittel År
Blu 1
Ferd
Fyrste Minne